Ny rolle: Torgeir Sæter har hatt fleire roller i kommunen sidan hausten 2020. No vert han etter alt å døma konstituert kommunedirektør.

Tek på seg rolla som konstituert kommunedirektør

Skulle eigentleg pensjonera seg hausten 2022. No gjer han comeback igjen.

Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland sluttar ved årsskiftet. Rekrutteringa av ein ny kommunedirektør er i gang, og tilsetjinga skal etter planen skje i kommunestyremøtet i desember.

– Vi må ta høgd for at rekrutteringsprosessen kan strekkja seg inn i 2024. I tillegg må vi rekna med at ny kommunedirektør har oppseiingstid i si noverande stilling, og at han/ho ikkje kan tiltre før i første halvår av 2024, går det fram av saka der tidlegare kommunalsjef, Torgeir Sæter, vert føreslått som konstituert kommunedirektør frå 01.01.2024 til ny kommunedirektør tiltrer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka skal handsamast av kommunestyret 16. november.

I september 2020 tok Sæter til i stillinga som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Sæter, som tidlegare hadde vore mellom anna kommunalsjef i Askøy kommune og rådmann i Øygarden kommune, kom frå stillinga som direktør for bustadetaten i Bergen.

Vel to år seinare, i oktober 2022, skulle Sæter eigentleg gå av med pensjon, men det gjekk ikkje lang tid før han kom inn igjen som konstituert kommunalsjef for helse og velferd. Den jobben hadde Sæter fram til sommaren 2023, og no gjer han altså, etter alt å døma, comeback igjen, denne gongen i rolla som kommunedirektør.