To menn blei tekne for offentleg urinering i helga.
To menn blei tekne for offentleg urinering i helga.

Tekne på fersken med snabelen ute

Ikkje berre ein, men to menn blei tatt medan dei urinerte opp mot veggen til butikklokale i Os i helga.

– Natt til søndag blei to menn tekne på fersken medan dei urinerte opp etter eit butikklokale i Os. Dei to er i 20- og 30-åra. Begge har erkjent forholdet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Teken for promillekøyring

Litt seinare på natta blei ei kvinne i 20-åra teken for promillekøyring i Lepsøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho blåste til ein i promille, så får vi sjå kva blodprøvane viser. Førarkortet blei beslaglagt, seier Hadler-Olsen.