Telenor-kundar melder om problem med mobilnettet
Det opplyser VG i ei sak torsdag ettermiddag.
Fleire Telenor-kundar opplever torsdag problem med mobilnettet. Selskapet analyserer no situasjonen for å finna ut kva som har skjedd og kor mange som er råka, skriv VG.
Kundar får ikkje ringt
VG har fått ei rekkje tips frå personar som seier at dei ikkje får brukt telefonen som normalt. Fleire Telenor-kundar skal mellom anna ha problem med å ringja.
Telenor stadfestar at selskapet har fått meldingar om ustabilitet.
– Vi får tilbakemeldingar om at nokre kundar opplever ustabilitet i mobilnettet og vi gjennomfører analysar for å få oversikt over situasjonen, seier pressesjef Anders Krokan til VG.
Det er førebels ikkje kjent kor mange kundar som er råka, eller kva som er årsaka til problema.
Også meldingar om problem hos Telia
Fleire av tipsarane til VG melder samtidig om problem med Telia.
Det er så langt ikkje opplyst om problema hos dei to mobiloperatørane har nokon samanheng.
Sidan er det opplyst at fleire ulike teleselskap har utfordringar.
Os & Fusaposten har ikkje lukkast med å få ei uttale frå nokon i denne saka, då det ikkje er mogleg å ringa.