– Det blir jobba med feilretting, men det er førebels ikkje gitt noko estimat for rettetidspunkt.

Tiltak utført: Skal ha løyst krøll for Telenor-kundar

Det blir jobba med feilretting.

Torsdag ettermiddag kom det pressemelding frå Statsforvaltaren i Vestland om at det er Telenor som har utfordringar.

— Vi har fått varsel frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) om at Telenor har feil på mobil tale som gjeld heile landet. Det vil seia at samtalar på 4G/5G blir brotne eller ikkje blir kopla opp. Det blir jobba med feilretting, men det er førebels ikkje gitt noko estimat for rettetidspunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skreiv Statsforvaltaren i ei pressemelding.

Nkom melder no at det er gjort tiltak som ser ut til å ha løyst konsekvensane for Telenor-kundar med mobil tale.

Det opplyser Statsforvaltaren i ei ny pressemelding litt før klokka 14.

Har ingenting med droner å gjera

Fleire medier melder i dag at det er observert droner ved mobilmaster fleire stader i landet.

Styresmaktene er varsla, og har bede mobil- og breibandselskap vera ekstra på vakt for mistenkelig aktivitet i nærleiken av anlegga sine.

Svein Scheie, som er seksjonssjef for tilsyn og beredskap i Sikkerhetsavdelinga til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), avviser overfor NRK.no at droneaktiviteten heng saman med problema til Telenor.

– Eg har høyrt spekulasjonar om at desse sakene har noko til felles. Det har dei definitivt ikkje.