Den domfelte prøvde å setja fyr på huset mellom anna ved å setja ei plate på fullt på ein komfyr med mat i steikepanne og deretter forlata huset. (Illustrasjonsfoto)
Den domfelte prøvde å setja fyr på huset mellom anna ved å setja ei plate på fullt på ein komfyr med mat i steikepanne og deretter forlata huset. (Illustrasjonsfoto)

Tente på huset medan ungane sov

Ein kvinne frå Os er dømt for fleire tilfelle av brannstifting og for forsikringssvindel.

Klokka 05.30 ei septembernatt i 2011 helte kvinna tennvæske på veggene i huset ho leigde og tende på. Tenåringsborna hennar låg og sov i underetasjen då det tok til å brenna. Dei kom seg ut før huset var overtent. Huset vart totalskadd i brannen.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre tre dagar tidlegare hadde tiltalte prøvd å starta brann i same huset. Det utvikla seg sterk røyk frå ei steikepanne med pølsebitar i, og det tok fyr i noko papir som låg ved sida. Plata stod på fullt, og tiltalte hadde forlate huset. Branntilløpet stoppa av seg sjølv, og dottera oppdaga kva som hadde skjedd då ho kom heim frå jobb om kvelden. Kjøkenvifta og eit skåp var skadd. Brannsjef Stein Gjøsund kontakta alt då politiet fordi han meinte at nokon hadde handla sterkt uaktsamt.

Kravde erstatning

Kvinna kravde erstatning frå forsikringsselskapet på grunn av alt som var gått tapt i brannen. Til saman kravde ho 549.000 kroner. Forsikringsutbetalinga for det totalskadde huset (som domfelte berre leigde) kom på 3,5 mill. kroner. I tillegg kravde ho erstatning for skade på bilen. Under etterforskinga vist det seg at denne var påtent separat ved at ei fille var stukke ned i innfyllingsrøyret på bensintanken og påtent.

Kvinna har heile tida hevda si uskuld. Etter at ho vart dømt ved Nordhordland tingrett i januar i år, anka ho difor saka til Gulating lagmannsrett. Forsvararen hennar påpeikte mellom anna at det var absurd å tenna på huset og slik frårøva seg sjølv ei rekkje gjenstandar med vesentleg affeksjonsverdi. Retten fann ikkje å leggja vekt på dette. «Muligheten for å få frigjort friske midler har åpenbart overskygget slike innvendinger», heiter det. Kvinna vann difor ikkje fram i Lagmannsretten heller.

Retten har funne ei rekkje forhold som kastar sterk mistanke på henne. Mellom anna endra ho forsikringsbeløpet på innbo i huset frå 1 mill. kroner til 1,3 mill. kroner to veker før det første branntilløpet.

Googla brann- relaterte tema

Ho har også gjort ei rekkje google-søk før brannen som handlar om brann og forsikring: "forsikring + ved + brann". I ein av artiklene ho har opna heiter det: «Vil du vite hva som er hjemmets største brannfeller? Svaret er enkelt: Det er de vanligste elektriske hjelpemidlene vi bruker hver dag. Når vi glemmer å slå av en plate på komfyren eller det skjer svikt i et gammelt elektrisk anlegg, kan katastrofen lure like om hjørnet.»

Retten har funne at kvinna har hatt økonomiske motiv for det ho gjorde. Kvinnas gjeld hadde før brannstiftinga vakse frå 68.000 til ein mill. kroner. Ho har ikkje betalt leige for huset, og var blitt kravd kasta ut.

Dommen frå Nordhordland Tingrett vart difor oppretthalden. Ho får fengselsstraff på eitt år og åtte månader. Ho må også betala 3,5 mill. kroner i erstatning til Frende Skadeforsikring, og 0,5 mill. kroner til IF skadeforsikring.