Viser si støtte: Mange har vist si støtte til bokbåten Epos den siste tida. Frå venstre - Thomas Breivik, Silje Namtvedt, Stig Holmås, Svein Vinnes og Terje Søviknes.

Terje Søviknes tek til orde for spleiselag for å redda bokbåten

Etter at fleirtallet i Vestland fylkesting vetdtok å leggja ned Bokbåten, tek Terje Søviknes initiativ til spleiselag for å redda det unike kulturtilbodet.

– Dei fleste av Vestlands 43 kommunar har kystlinje, og om desse går saman og deler på årskostnaden til drift av Bokbåten, bør kostnaden vera handterbar for dei fleste kommunar, meiner Søviknes.

Les også
Fylket sa nei til vidare drift av Epos. No fryktar skipper Svein Vinnes at båten må seljast

Han opplyser at årskostnaden for drift av Bokbåten er estimert til ca 2,5 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fordelt på til dømes 30 kommunar blir dette ein kostnad på under 100.000 kroner per år for den enkelte kommune. I tillegg kan det vera mogleg å søkja anna finansiering frå næringsliv og stiftingar til et slikt tilbod, argumenterer Søviknes.

Han peikar på at det kan finnast ulike modellar for å organisera tilbodet i regi av kommunane.

– Døme på løysingar kan vera vertskommuneprinsippet der ein kommune sel tenester til resten av kommunane, etablera et interkommunalt selskap (IKS) eller etablera eit Bokbåten AS der kommunar og enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar kan vera aksjeeigarar.

– Endeleg val av organisasjonsmodell må kommunane ta stilling til i den vidare prosessen, legg Søviknes til.

Han vil ta saka opp i Bjørnafjorden kommunestyre tysdag, for deretter å følgja opp saka overfor resten av kommunane i Vestland.

Terje Søviknes har følgjande spørsmål til ordføraren i møtet tysdag:

1. Vil ordføraren stilla seg bak eit initiativ for å etablera eit spleiselag for bokbåt-tilbodet i Vestland fylke?

2. Kan Bjørnafjorden kommune ta ei leiande rolle i å greia ut ein alternativ driftsmodell for bokbåten, samt koordinera saka i høve dei andre kystkommunane i Vestland fylke?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bokbåten Epos har sidan 1963 stimulert til leselyst hos barn og unge langs heile kysten, og dette kan ikkje stoppa som følgje av eit lite gjennomtenkt vedtak i fylkestinget. Dette handlar om historia vår, kystkulturen, samt kultur-, litteratur- og opplæringstilbodet til born og unge i distrikta, seier Søviknes.

Les også
Bokbåten «Epos» vert lagt ned: – Ein trist dag for barn, unge og vaksne i kulturfylket Vestland