Søndag brukte Borg vêr pausen under kampen mellom Os og Lysekloster til å visa fram siste mote. Denne helga er det Borgafjellet som blir catwalk for modellane deira.
Søndag brukte Borg vêr pausen under kampen mellom Os og Lysekloster til å visa fram siste mote. Denne helga er det Borgafjellet som blir catwalk for modellane deira.

Til topps med siste mote

Borgafjellet blir catwalk når Borg Vêr laurdag inviterer til moteshow og viser siste nytt på på toppen.

Borg vêr kan ikkje styra vêret (men førebels ser meldinga lovande ut), men dei lovar god stemning med store bokstavar.

– Dette gjer eg fordi eg vil møta kundane der dei er til vanleg, at dei ikkje berre skal koma til meg, fortel innehavar av Borg vêr, Jeanett Borgen Kallekleiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein typisk aktivitet for folk er å gå på fjellet, det er vi gode på her i Os. seier ho.

I tillegg er ho inspirert av Tysnesfest som ho meiner er gode på å bruka heile øya. Det same ønskjer ho å gjera i Os – ta heile bygda i bruk.

– Vi nærmar oss klare. Eg hadde nett ein modell her inne for å prøva klede. Det blir enkelt og greit – men veldig kult, håper eg.

Ho trur det er viktig å vera litt spenstig i påfunna sine for å fenga folk og få merksemd. Ideen har ho hatt lenge, men det tok tid før ho hadde samla nok mot til å gjennomføra.

– Går du mykje på Borgafjellet?

– Nei, eg går mest på Linken og Liafjekllet. Linken hadde vore perfekt med plattinga der, men Borgafjellet er ein lettare tur enn Linken, og så passar namnet betre med butikknamnet.

På toppen blir det god utsikt til både natur og modellar i freshe antrekk. I tillegg blir det musikk og lett servering.

Kallekleiv freistar også med utlodding av gåvekort og eit heilt antrekk frå showet til nokre heldige publikumarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

asa.nord@osogfusa.no