I Bergen: Bergen kommune utfører denne vaksinasjonen på vegner av Bjørnafjorden og andre kommunar i bergensområdet.

Tilbyr vaksine til born med underliggjande sjukdom

Born med alvorleg underliggande sjukdom i aldersgruppa 5 til 11 år, kan no få BioNTech/Pfizer-barnevaksine.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på sine heimesider.

Bergen kommune utfører denne vaksinasjonen på vegner av Bjørnafjorden og andre kommunar i bergensområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vaksinering for born som bur i Bjørnafjorden vil skje i Bergen i løpet av veke 3 og 4. Vaksinasjonsstad er Sentralbadet og Åsanehallen, opplyser kommunen

Vaksineringa gjeld desse borna.

Slik går du fram:

* Kontakt legen som følgjer opp barnet ditt eller barnet sin fastlege. Legen melder vidare i systemet.

* Begge føresette må samtykka skriftleg til vaksine. Samtykkeskjema finn du her. Avtal levering av samtykkeskjema/dokumentasjon med kontaktperson i kommunen: Nina Norheim Oen.

* Når samtykket er signert og levert inn, vil Bergen kommune ta kontakt og avtale dato for vaksinasjon.