Mange osingar har nok kasta eit lengselsfullt blikk på denne øyperla i Strøno.
Mange osingar har nok kasta eit lengselsfullt blikk på denne øyperla i Strøno.

Tjoholmen seld

Etter nesten tre år på marknaden, er Tjoholmen endeleg seld.

Mange har sikkert drøymt om å bli Lotto-vinnar og kunna kjøpa vakre Tjoholmen - øyperla du ser frå Strønobrua.

Men etter tre år på marknaden er den seks mål store øya med 430 kvadratmeter hovudhytte, naust, gjestehytte og badehus samt brygge, seld. Både kjøpar og pris er hemmeleg, i fylgje Bergens Tidende som har snakka med eigedomsmeklar Tom Jørgensen i Privatmegleren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kan bekrefta at eigedomen er seld. Seljar og kjøpar er nøgde, seier han kort.

Seljar og forretningsmann Helge Nordnes la ut eigedomen for sal i 2013.

Prisantydninga på 25 millionar gjorde øya til ein av Noregs dyraste fritidseigedomar. I fjor gjekk prisantydning ned til 19,5 millionar.

Rett før påske var salet i boks.