Bil i sida: Ein bil blei måndag påkøyrd av ein annan bil på fylkesveg 522 ved Fusatun. Det skal ha gått fint med begge dei to førarane som var involverte i ulukka.

Kom over i motsett køyrefelt: — Hadde litt for høg fart ut frå køyreforholda

To personar var involverte i eit trafikkuhell måndag formiddag. Begge kom tilsynelatande frå det utan varige mein.

Klokka 10.01 melde politiet på “X” om eit trafikkuhell på Venjaneset.

To bilar er involvert, men det er truleg ikkje snakk om personskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingen trafikale utfordringar.

Politistasjonssjef i Fusa, Terje Sperrevik, stadfestar at det har vore eit trafikkuhell på Fusa.

Politiet er på staden, og Sperrevik har ikkje snakka med dei som er der. Han fortel at ut frå loggføringa, ser ulukka ut til å ha skjedd mellom Fusatun og Fusa skule, på fylkesvegen.

— Ein bil skal ifølgje meldar har køyrd i sida på den andre bilen. Det ser ut som at begge bilane er køyrbare, og at dei no står i ein busslomme, seier Sperrevik.

Ta det roleg: Tenestestadsleiar ved Fusa politistasjon, Anders Opsal, oppmodar dei som er ute i trafikken tysdag om å ta det roleg, ikkje stressa og køyra etter forholda.

Oppdatert klokka 11.10:

Tenestestadsleiar politiet i Fusa, Anders Opsal, har vore på staden. Han fortel at ein bil kom oppover og passerte Fusatun. I den slake venstresvingen rett etter, skal bilen som kom frå Fusa retning Venjaneset, ha segla over i motsett felt og treft førstnemnde bil i sida.

— Den ein bilen hadde nok litt for høg fart ut frå køyreforholda. Begge bilane stod på busstoppet like ved då politiet kom til staden, og begge førarane framstod uskadd. Føraren i den eine bilen blei likevel køyrd til legevakta for ein sjekk, fortel Opsal.

Han legg til at det ikkje blir oppretta politisak på hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opsal oppmodar også dei som er ute i trafikken i dag om ikkje å stressa, rekna god tid og køyra forsiktig.