Prosjektleiar for E39, Signe Eikenes, inviterer til nytt folkemøte i Oseana.
Prosjektleiar for E39, Signe Eikenes, inviterer til nytt folkemøte i Oseana.

To E39-møte står for døra

Berørte partar i Søre Øyane blir inviterte til orienteringsmøte om ilandføring. Busette mellom Kuventræ og Moberg må derimot venta.

I plan og bygningsutvalet torsdag orienterte kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, om dei to E39-møta som vil finna stad i mai.

– 9. mai blir blir det arrangert eit møte for brukarar av området som blir berørt av bruplanane i Søre Øyane. FAU på den lokale skulen, grendalag, fiskelag, kayakklubb etc. er blant dei inviterte, sa  Tjosås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av politikarane spurde om dei var inviterte, men kommunalsjefen svarte at det ikkje var eit ope møte.

– Det er eit møte for spesielt inviterte. At enkelte av dei inviterte også har ei politisk rolle kan så vera, svara ho.

Ikkje Svegatjørn-møte

Gustav Bahus (Frp) spurde om det ikkje skulle vera eit tilsvarande møte for dei i andre enden av traséen lokalt, nemleg i området Svegatjørn/Moberg. Svaret han fekk tydde på at det ikkje kjem i denne omgang.

– I dette området er det ikkje tvil om kor traséen skal gå, den må jo koplast på motorvegen til Endelausmarka. I Søre Øyane er utfordringane meir knytt til ulike moglege trasear. Dei utfordringane som ligg i Svegatjørn-området blir dermed å ta på neste plannivå, svarte Tjosås.

Folkemøte 11. mai

Torsdag 11. mai blir det allmøte i Oseana tilsvarande det som fann stad for eit halvt år sidan. Terje Sperrevik gav uttrykk for at han håpte møtet blei betre enn det førre.

– Eg har friskt i minne korleis Statens vegvesen ikkej greidde å svara på openberre spørsmål, sa han.

Tjosås sa at møtet i Oseana meir ville ta form av ein workshop eller eit vandremøte med ulike stasjonar. Då kan dei som vil vita meir om brukonstruksjonar gå til ein stasjon og læra om det, og dei som vil vita om t.d. kostnader kan gå ein annan stad.