Ein lastebilsjåfør som vart stoppa i Industrivegen vart onsdag kveld meldt for å køyra med usikra last. (Illustrasjons
Ein lastebilsjåfør som vart stoppa i Industrivegen vart onsdag kveld meldt for å køyra med usikra last. (Illustrasjons

To meldt for usikra last

To bilistar vart onsdag kveld meldt for å køyra med usikra last i Os.

Det første tilfellet kom Os lensmannskontor over i Industrivegen i 18.00-tida.

Her stansa dei ein lastebilsjåfør i 50-åra som mista stein frå lasteplanet medan han køyrde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mannen fekk rydda opp etter seg og etter kvart sikra lasten, men vart uansett meldt for tilhøvet, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Tung usikra last

Også på Søfteland stoppa betjentar frå Os lensmannskontor ein bilist med usikra last. Denne gongen var det ein varebil.

- Dette var ein litt mindre bil med skapdører bak. Betjentane våre fann her at sjåføren ikkje hadde sikra tunge batteri og liknande som stod lasta baki. Dette kan føra til problem med å manøvrera bilen. I tillegg er det sjølvsagt fare for at lasten kan falla ut av bilen og forårsaka farlege situasjonar på den måten, fortel Hadler-Olsen.

Saka er meldt.

Mindre mengder hasj

Ein mann i 20-åra er meldt for oppbevaring av mindre mengder hasj etter at politiet oppsøkte mannen i bustaden hans i Os onsdag kveld.

Mannen vedgjekk forholdet.