To meldingar på under eitt døgn: Det skal ha kome inn to meldingar om tjuveri i området kring Meny i Industrivegen. Både fredag og laurdag skal nokon ha vore inne i køyretøy og teke med seg noko.

To tjuveri på to dagar: Politiet har video av minst det eine tilfellet

— Det er mest truleg same person, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Fredag ettermiddag litt før klokka 16 fekk politiet melding om at ein person var blitt observert ved Meny. Der skal vedkomande ha vore inne i ein parkert bil. Eigar av bilen opplyser til politiet at det berre var ein pakke med røyk som var sakna. Ikkje noko meir.

— Tjuven blei ikkje funnen, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

22 timar seinare skal ein gjenstand ha blitt stolen frå ein parkert buss som stod parkert ved Meny. Forholdet vil bli meldt.

— To tjuveri i same område på under eitt døgn. Har politiet fått inn signalement, og kan det vera same person som står bak?

— Ja, det er mest truleg det. Dette er ein mann som politiet kjenner til frå før. Han er observert i nærleiken, og vi har video frå i alle fall det eine tilfellet, fortel Lyssand.

Mannen er i 20-åra.

Kort tid før tjuveriet frå bussen som stod parkert ved Meny, fekk politiet melding om ein utagerande mann inne i butikken.

Då var politiet på staden og gav mannen beskjed om å forlata butikken, og at han ikkje fekk returnera i løpet av dei neste 24 timane.