Etter fem år ved Forsvarets Operative Hovudkvarter i Bodø, to av dei som sjef, har osingen Haga Lunde no teke fatt på nye utfordringar. (Arkiv
Etter fem år ved Forsvarets Operative Hovudkvarter i Bodø, to av dei som sjef, har osingen Haga Lunde no teke fatt på nye utfordringar. (Arkiv

Tok over som etterretningssjef denne veka

Generalløytnant Morten Haga Lunde (55) frå Hagavik tok denne veka til som ny sjef for Etterretningstenesta.

Etter fem år ved Forsvarets Operative Hovudkvarter i Bodø, to av dei som sjef, har osingen Haga Lunde no teke fatt på nye utfordringar.

Medan Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) har ansvar for overvaking på norsk jord, har Etterretningstenesta ansvar for overvaking i utlandet. E-tenesta skal bidra til å gje norske styresmakter eit solid beslutningsgrunnlag i saker som gjeld utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvarssjef HaakonBruun-Hanssen seier tilForsvaret.no at "Morten Haga Lunde gjennom sine mange lederstillinger og brede fellesoperative erfaring har det beste utgangspunktet for å lede Etterretningstjenesten i en tid med store sikkerhetspolitiske endringer. Han har vært en dyktig rådgiver gjennom mange år i ulike posisjoner. Han er tydelig, ærlig og åpen. Jeg ser fram til å fortsette samarbeidet med ham på nye områder".

Krevjande tider

Utnemninga var offentleggjort i mai i fjor.

- Eg starta jo karrieren som flygar av Orion overvakingsfly. Slik sett kan ein seia at ringen er slutta, sa osingen til «Os og Fusapsten» den gongen.

Han la samstundes ikkje skjul på at kona gler seg over at fem år med pendling frå Asker til Bodø er ferdig. Frå no har han kontor i Oslo.

- Kva tenkjer du om å skulle leia arbeidet i ei tid med aukande terrorfrykt, spurde me Haga Lunde i intervjuet i mai.

- Vi lever i krevjande tider. Noreg står overfor truslar frå islamisme, terrorisme, datakriminalitet og cyberspionasje. Difor går eg til jobben med stor respekt.

- VG titulerer deg som ny spionsjef. Kva tenkjer du om det?

- Nei, det er vel litt tabloid. Vi har ikkje spionar, berre etterretningsagentar, sa han.