Trafikkulukka i Fusa: – Ikkje mistanke om rus

Politiet har oppretta sak etter ulukka på laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 18:36 laurdag melde politiet om ei trafikkulukke i Strandvikvegen i Fusa.

Fem personar var involverte i ulukka. Ambulansepersonell frakta først to av dei til Haukeland. Etter ein sjekk på legevakta frakta dei også dei tre andre til Haukeland. Skadeomfanget er ukjent. 

Marita Flemmen Skogvoll, fungerande politistasjonssjef ved Kvam politistasjon, seier at politiet har oppretta sak og inndrege førarkortet til sjåføren av bilen.

– Vi mistenkjer ikkje at rus var årsaka til ulukka, påpeikar Flemmen Skogvoll.

Powered by Labrador CMS