Politi: N/A

Trafikkulukke i Holmefjord. Ambulanse på staden

Klokka 21.43 vart det meldt om ei trafikkulukke i Holmefjord. Ein person på lettmotorsykkel og ein bilist skal vera involvert.

Bjørnafjorden brann- og redning vart kalla ut på helseoppdrag og var på plass ved ulukkestaden i 22-tida.

– Det me veit er at det har vore ei ulukke med to køyretøy involvert – éin lettmotorsykkel og éin bil. Ulukka fann stad på Holsundvegen, altså på vegen mot Bogøy, fortel brannsjef i Bjørnafjorden, Espen Storum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han visste per då ikkje så mykje meir om kva som hadde skjedd eller om skadeomfanget.

– Eg veit at ambulansen er på staden og at det er minst to personar involverte i ulukka. Elles er politiet no på veg til staden, slår Storum fast.