Ulukke: Vest politidistrikt melde like før klokka halv fire onsdag om ei trafikkulukke i Fanafjellsvegen.

Trafikkulukke og stans på Fanafjellsvegen

Klokka 15.27 er det meldt om trafikkulukke i Fanafjellsvegen. Dette vil truleg føra til trafikkstans ei stund framover.

Vest politidistrikt melde like før klokka halv fire onsdag om ei trafikkulukke i Fanafjellsvegen. Skadeomfanget er ikkje klart, men det er på det reine at ulukka innvolverer ein bil og ein førar av ein motorsykkel.

– To personar er involverte. Dei skal begge vera oppegåande, opplyser operasjonsleiar i politiet, Steinar Hausvik til Bergens Tidende.

Artikkelen held fram under annonsen.