Trafikkulukke: Ulukka skjedde like etter klokka 11 søndag føremiddag.

Trafikkulukke på FV 48: – Mistenkjer køyring i ruspåverka tilstand

Klokka 11.05 søndag fekk politiet melding om ei trafikkulukke på FV 48 i Mundheimsdalen.

– Éin bil involvert, éin person i bilen, gjekk det fram av meldinga.

Vidare kan ein lesa at skal vera snakk om ein del materielle skadar, men ikkje personskadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førar, ein manna i 30-åra, er ute av bilen og oppegåande. Han vert sett til av ambulansepersonell, gjekk det fram av meldinga.

Vest politidistrikt opplyser også at føraren vert frakta til legevakt for nærare sjekk.

– Vi mistenkjer køyring i ruspåverka tilstand, er meldinga frå politiet.