For å vera på den sikre sida, skumla brannfolka bakken rundt trafo-stasjonen.
For å vera på den sikre sida, skumla brannfolka bakken rundt trafo-stasjonen.

Trafo-brann i Strandvik

Fusa Brann og redning frykta spreiing i terrenget då ein trafo-stasjon tok fyr i går ettermiddag.

Då Fusa Brann og redning kom fram til trafo-stasjonen like ved ridesenteret i Strandvik litt før klokka 18 i går, hadde snarrådige naboar alt trått til med hageslangar.

Brannsjef Gunnar Hatlelid rosar naboane for innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei var observante og melde frå til oss med ein gong. Deretter spyla dei terrenget slik at det ikkje skulle ta fyr i bakken rundt, seier han.

Brannvesenet er naturleg nok ekstra på alerten i desse dagar, og frykten nettopp spreiing i den knusktørre bakken.

For å vera på den sikre sida, skumla dei bakken kring trafo-stasjonen. 

– Skummet held på væte lenger enn vatn som fordampar med ein gong. Så om det skulle ligga att nokre gnister, kan vi vera heilt sikre på at skummet tek det, seier han.

Trafo-stasjonen, som skal vera ganske ny, er eigd av Fusa kraftlag. Dei kom raskt til og ordna mellombels omkopling av straumen slik at ingen lenger er straumlause på grunn av brannen.

Årsaka til brannen er førebels ukjend.

– Er det vanleg at det tek fyr i trafo-stasjonar?

– Tja, vi er nok ute eit par gonger i året på slike brannar, men dei skal jo ikkje ta fyr. Det betyr jo at det må vera ein feil der, seier brannsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hålandsdalen gamle kyrkje

Også laurdag morgon måtte Fusa Brann og redning til pers. Då kom det nemleg automatisk alarm frå verneverdige Hålandsdalen gamle kyrkje.

– Nokon hadde utløyst alarmen utan at det var brann. Heldigvis, får vi seia.

Grillforbod

Brannsjefen fortel om står pågang frå publikum vedrørande forbodet mot grilling.

– Kan du seia kva som er lov i Fusa?

– Grilling med gassgrill er det einaste som er lov. Den kastar ikkje gneistar, slik ein kolgrill kan gjera.