Rykte ut: Brannvesenet fekk raskt kontroll over situasjonen

Traktor stod i full fyr: — Var meir eller mindre utbrent då brannvesenet kom til staden

Måndag kveld fekk politiet melding om ein traktor som brann i nærleiken av Særvollsvegen.

— Vi fekk melding klokka 18.50 om ein traktor som brann. Traktoren var meir eller mindre utbrent då brannvesenet kom til staden, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland.

Brannvesenet fekk raskt kontroll over situasjonen og det skal ikkje ha vore fare for spreiing. Politiet har oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi må gjennom avhøyr og etterforsking prøva å finna årsaka til brannen. Det er ikkje vitne til hendinga, anna enn naboar som har sett røyk. Eigar på staden seier at det er uklart for han kva som har skjedd, seier Birkeland.