Bøtesatsen for å bruke handhalden mobil medan ein køyrer, auka frå 1. mars i år – frå 5.000 til 7.450 kroner.

Tre av fem synest bota for mobilbruk er grei

59 prosent av dei spurde synest bota på 7.450 kroner og tre prikkar i førarkortet er ei passande straff for å bruke handhalden mobil medan ein køyrer.

Undersøkinga er gjennomført av Norstat på oppdrag frå NRK.

23 prosent svarer at bota er for høg. 14 prosent synest ho er for låg, medan 4 prosent svarer «vet ikkje».

Artikkelen held fram under annonsen.

Satsen auka frå 1. mars i år – frå 5.000 kroner.

– Dei fleste bruker ikkje mobiltelefonen medan dei køyrer. Derfor tenkjer nok mange at dei som vel å gjere det, kan få svi, seier UP-sjef Geir Harald Marthinsen.

Trafikkansvarleg i Bjørnafjorden politistasjon, Sindre Lekven Hallem, meiner at det var for tidleg å justera opp satsen. Meir om det, kan ein lesa i vindauge under.