Politiet i Os har hatt litt av kvart å hanskast med i løpet av helga.
Politiet i Os har hatt litt av kvart å hanskast med i løpet av helga.

Tre personar involvert i valdsepisode

Fredag ettermiddag vart ein mann i 30-åra sett i arresten etter ein valdsepisode i Os nord.

Ifølgje politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Kristine Grindstein, var det tre personar involvert i valdsepisoden. Dei to fornærma, ein mann og ei kvinne, også dei i 30-åra, vart sendt til Haukeland universitetssjukehus, men dimmitert etter kort tid.

– Dei hadde ikkje alvorlege skadar. Den pågripne mannen vart sett i arresten fredag, og lauslaten att laurdag kveld, i 23-tida. Saka vert etterforska vidare, opplyser Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare same kveld vart det gjennomført ein laserkontroll i 70-sona på Os. I samband med kontrollen vart det skrive ut eitt førelegg til ein person som køyrte i 87 kilometer i timen.

Natt til laurdag, i 03.30 vart det, som Os og Fusaposten har skrive tidlegare, meldt om masseslagsmål på Osøyro. Det var ingen som slåss då politiet kom fram, men ei kvinne fekk pålegg om å forlata Os sentrum. Ho skal ha vore aktiv i valdsutøvinga, men forlot ikkje sentrum slik ho fekk beskjed om. Kvinna vart difor meldt for ordensforstyrring og for brot på politiet sitt pålegg. Det er ifølgje Grindstein ingen som per no har meldt valdsepisoden til politiet.

Kort tid seinare, i 5-tida vart det gjennomført ein promillekontroll i Lyseklostervegen. Ingen av bilførarane som vart stogga hedde promille.

Aggressiv tiggar

I 12-tida laurdag vart ein aggressiv, kvinneleg tiggar i 30-åra vist bort frå Os sentrum. Tiggaren vart informert om tiggarforbodet, ifølgje Grindstein.

Klokka 15.50 fekk politiet melding om ein bil som vingla over i mottsett køyrefelt på Søfteland, og som tok borti autovernet. Bilføraren, ein mann i 20-åra, vart stogga ved Amfi-senteret. Han vedgjekk at han hadde sovna.

– Mannen samtykka til førarkortbeslag, og vil sannsynlegvis få ein reaksjon. Kor lenge han vert utan førarkort, veit vi ikkje per no. Det var ingen personskadar i samband med hendinga, og dei materielle skadene var heller ikkje store, informerer Grindstein.

Kort tid etter, klokka 15.59, måtte politiet rykka ut til Amfi Os. Betjeninga i ein butikk meldte om ein valdeleg kunde, ei kvinne i 30-åra, som hadde kasta noko på dei.

– Bakgrunnen for episoden er at kvinna vart beskyldt for tjuveri. Ho hadde ikkje stole noko laurdag, men butikken vurderer å melda ho. Kvinna vart bortvist frå senteret, fortel politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til søndag har det ifølgje politiet ikkje vore spesielle episodar i Os.