Korona: Smittetala held fram å stiga. Fyrst i midten av mars er det venta ein reell nedgang.

Trur mørketala er store: Anslår 1.400 nye covid-19-tilfelle sist veke.

Og framleis har vi ikkje nådd smittetoppen.

Bjørnafjorden kommune får ikkje lenger rapportert positive PCR-prøvesvar frå laboratoriet på Haukeland, men FHI har registrert 721 positive PCR-svar i veke 7.

Det er færre enn dei 787 PCR-prøvesvara sist veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi har òg registrert 1.275 innmelde positive sjølvtestar denne veka, men veit ikkje kor mange av desse som er blitt bekrefta med PCR-test. Vi anslår det totale talet på positive testar til omlag 1.400, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunens heimeside.

Smittetalet ser altså ut til å vere lågare enn sist veke. Men mørketala er mykje høgare, fordi færre treng å testa seg. Reelt sett er det truleg framleis stigande smitte.

Dei smitta er:

* Born 0-11 år: 22 prosent

* Born og unge 12-17 år: 11 prosent

* 18-44 år: 39 prosent

* 45-64 år: 23 prosent

* Over 65 år: 4 prosent

Enno har ikkje Bjørnafjorden nådd smittetoppen, og kommuneoverlegen forventar ein ny auke etter vinterferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrst mot midten av mars er det venta ein nedgang i smittetala.

Sjukefråvær

Kommunen har framleis høg og aukande smittespreiing, auka sjukefråvær, stor belastning på fastlegar og legevakt (ikkje berre koronarelatert), utbrot i institusjon og utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.

Det er ingen auke i alvorlege sjukdomsforløp og innleggingar.

Kommunen har framleis stort press på tenestene, også skule og barnehage, og følgjer utviklinga nøye.

Det er smitte ved både Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter. Det er registrert enkelttilfelle av smitte blant tilsette og bebuarar, men koronaavdelinga "Havblikk" er ikkje i bruk per no.

Det er og eit utbrot ved Kuhnletunet dagsenter.

Kapasitet personell

Det er framleis stort press på tenestene. Sjukefråværet er høgt i helse og velferd, skule og barnehage.

Fleire skular har hatt heimeundervisning for enkelte trinn, og mange barnehagar har hatt redusert opningstid på grunn av stort fråvær blant dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

På teststasjonen er bemanninga styrka og testkapasiteten er god. Det blei tatt 972 PCR-testar i veke 7.