Den nye soknepresten i Fusa, Einar Ekerhovd, kjem til å pendla frå Os.
Den nye soknepresten i Fusa, Einar Ekerhovd, kjem til å pendla frå Os.

Trur på å skværa opp andlet til andlet

Einar Ekerhovd avstod då Dagsnytt ville ha Fusa-presten i studio etter Facebook-kommentar om å venda det andre kinnet til. No fortel han om dialog og tilgjeving som reaksjonsform når han sjølv har vorten utsett for vald.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I midten av juni vart vikarprest i Den norske kyrkja, Hanne Marie Pedersen-Eriksen, slått i andletet av ein ukjent person. Årsaka skal ha vore at ho er lesbisk og bur saman med ei kvinne. Pedersen-Eriksen melde frå om hendinga til politiet. Påtroppande sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd, publiserte ein kommentar mynta på sine Facebookvener, der han løfta fram ein annan måte å reagera på enn å ty til politimelding.

- Å anmelda slik oppførsel er ikkje den einaste og beste vegen, skreiv han, og siterte også Jesu ord om å venda det andre kinnet til.

Sa nei til NRK

Dette vart snappa opp av forskjellige aviser, og saka fekk mykje merksemd. Landets største avis, Aftenposten, var blant dei som skreiv om saka, og Ekerhovd fortel at også Dagsnytt ringde og ville ha ein kommentar.

- Det sa eg nei til. Eg skjønte at dei ville vinkla dette som ei homofili-sak. Men det hadde ingenting med saka å gjera. Mi meining var å seia at det finst andre måtar å reagera på når ein prest vert utsett for utilbørlege ting, enn å gå rettens veg. Uavhengig av bakgrunnen for valds- episoden, seier han.

- Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, sa at kristne kan sjølve velja å li urett, men ingen kan pålegga nokon andre å lida urett?

- Ja. Eg ser det i ettertid at det kunne tolkast som at eg påla Pedersen-Eriksen å reagera på ein viss måte. Det gjekk eg ut og beklaga etterpå, seier Ekerhovd.

- Ville du i dag ha tilrådd henne å politimelda saka?

- Det er ikkje det eg snakkar om. Ho må gjerne politimelda - ein kvar står fritt til sjølv å velja reaksjonsform. Eg forsøkte berre å skissera eit anna alternativ. At folk reagerer, forstår eg, men ikkje så voldsomt som dei gjorde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart sjølv truga med kniv

Han fortel at han sjølv har valt å la vera å ty til politimelding når han ved eit par høve har blitt utsett for vald.

- Då eg var ungdomsprest her i Os på 80-talet, kunne det gå heftig for seg. Ein kveld heldt på å oppstå eit slagsmål mellom nokre ungdomar. Eg gjekk mellom, og då fekk eg ein kniv på strupen. Det var ei ganske tøff oppleving. Eg kunne ha politimeldt det, men i staden valte me å setja oss ned alle saman. Ting roa seg ned, og me fekk skværa opp der og då. Så kunne me vandra vidare i livet som vener, seier Ekerhovd.

Gler seg til ny start i Fusa

I dag, første august, er første arbeidsdagen Einar Ekerhovd har som sokneprest i Fusa etter å ha vore vikarprest og bussjåfør ein lang periode. Han gler seg til å ta fatt i jobben.

- Eg var prest i Fusa i 1990, og har gode kontaktar i bygda. Første gudstenesta mi vert i Sundvor komande helg, og deretter vert det ei offisiell innsetjing 16. august i Fusa kyrkje.

Sidan buplikta no vert oppheva, vert han buande i Os.

- Det aller beste hadde kanskje vore om eg kunne bu i Fusa. Men me har bygt hus på Lekven, og difor passar det best å pendla. Men eg og kona mi har tenkt å vera like aktive i kyrkjelydslivet i bygda som om me hadde budd der, seier Ekerhovd.