Fusa-ordførar Atle Kvåle er spørjande til at partia MDG, V og SV ikkje røysta for å vurdera indre trasé då dei hadde sjansen.
Fusa-ordførar Atle Kvåle er spørjande til at partia MDG, V og SV ikkje røysta for å vurdera indre trasé då dei hadde sjansen.

Trur på fleirtal for indre trasé på fylket

Fusa-ordførar Atle Kvåle er spørjande til at partia MDG, V og SV ikkje røysta for å vurdera indre trasé då dei hadde sjansen. Kjelder i desse partia trur likevel på siger for indre trasé seinare i månaden.

Øystein Lid

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no

På onsdag var det møte i Miljø- og samferdsleutvalet (MISA). Hordaland fylke har fått utsett frist til å gje høyringssvar på KDP Stord-OS. Innstillinga frå fylkesrådmann Rune Haugsdal var i utgangspunktet positiv, men nokre paradoks var det i framlegget frå administrasjonen: "Utbygging av E39 vil føra til meir trafikk inn mot bergensområdet og gjera det vanskelegare å få gjennomført ambisjonane om nullvekst i biltrafikk i byområdet", heitte det i eitt av punkta til vedtak.

Ap/Sp/KrF opna for indre trasé

Arbeidarpartiet/Sp/KrF la fram eit forslag som var vesentleg meir kritisk i forhold til økonomi og miljøinngrep: "Dersom E39-prosjektet ikkje kan gjennomførast med lågare kostnadsramme, og samstundes redusera store naturinngrep - blant anna i Søre Øyane i Os -, bør ein på ny vurdera indre trasé for ferjefri E39", heitte det. Dette var det springande punktet i framlegget, og partia trengde berre støtte frå enten Venstre, MDG eller SV for å få fleirtal. Men ingen av desse røysta for punktet om indre trasé, og framlegget frå posisjonen vart vedteke minus dette punktet.

Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Glenn Erik Haugland (V)
Glenn Erik Haugland (V)

- Vanskeleg å forstå

Ordførar Atle Kvåle er medlem av utvalet, men kunne ikkje vera der onsdag pga. eit KS-møte på Stord. Han er kritisk til at ingen av partia kunne strekkja seg for å gje partiet den eine manglande røysta.

- Det er vanskeleg å forstå at partia valde å ikkje støtta framlegget vårt.

Fleire av dei har jo vore uttalte motstandarar av midtre trasé. Ser ein til dømes på vedtaket i Os kommunestyre i saka, var jo MDG og Venstre saman med Ap mot midtre trasé, seier Kvåle.

Men saka skal endeleg vedtakast i Fylkesutvalet 22. februar, og Kvåle håpar og trur at partia kan finna fram til eit felles framlegg til dess.

- Ap har seg sjølv å takka

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var møtande vara i MISA onsdag. Han meiner tvert i mot at Ap har seg sjølv å takka for at dei ikkje fekk med seg fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Framlegget deira var rett og slett ikkje godt nok. Det kunne tolkast i fleire retningar. Eg spurde om dei var opne for å justera teksten noko, men svaret var "take it or leave it", seier Nøttseter.

MDG og SV peikte på at framlegget kan tolkast slik at dersom ei løysing med noko lågare kostnadsramme og litt mindre naturinngrep kjem på bordet, så stør dei bru til Øyane. Og det trass i at intensjonen med framlegget var å opna for indre trasé.

- I tillegg var prosessen i utvalet veldig rotete. Eg fekk førelagt framlegget 20 minutt før møtet, og på då den korte tida var det ikkje råd å korrigera deira svake framlegg. Med respekt å melda kjenner eg denne saka betre enn politikarar frå andre stader i fylket, og kunne ha kome fram til ein betre ordlyd - som eg trur alle partar kunne leva med - dersom eg hadde fått det kvelden før, seier Nøttseter.

Trur på gjennombrot i morgon

Glenn Erik Haugland (V) følgjer også saksgangen på fylkesnivå tett. Han forklarer partiets røysting i MISA med at representanten deira, Geir Angeltveit, er frå Stord.

- Alle parti er splitta i denne saka. I Sunnhordland er dei for bru, så det forklarer kvifor vår mann røysta slik, seier Haugland.

Men venstremannen frå Os har eit ess i ermet. I helga har partiet fylkesårsmøte, og dersom dei går inn for i indre trasé der, vil det påverka korleis partiet vil røysta i fylkesutvalet. Haugland har sjølv forfatta eit resolusjonsforslag som skal opp på sundag.

- Bergen Venstre og Terje Breivik har alt signalisert si støtte til det. Når så tunge aktørar uttalar seg, vil eg tru at dette går vegen, seier han.

Fylkespartiet har tidlegare gjeve si støtte til midtre trasé, noko representantane deira er bundne av - med mindre altså partiet snur i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Paris-avtalen forpliktar

Kvåle, Nøttseter og Haugland trur at dei mange overordna argumenta mot midtre trasé vil føra til at partia greier å samla seg om eit kompromissforslag.

- Det er viktig no at det ikkje blir gjort eit vedtak som opnar for fortsatt bru i Øyane, når det i realiteten er fleirtal for indre trasé, seier Haugland.

Atle Kvåle peikar på at Fylkeskommunen har forplikta seg på Paris-avtalen, og det forpliktar også i samferdslepolitikken.

- Å ha ein firefeltsmotorveg inn bergensdalen med den trafikkauken som nokon har brukt som argument for den traseen, vil gje endå større problem med miljøureining, seier Kvåle.

- I same møte som me behandla denne saka, hadde me oppe regional transportplan, og der står det fleire gonger om nullvekst i personbiltrafikken. Og samtidig er det nokon som vil ha ein veg der du er avhengig av ei femdobling av trafikken for å ha samfunnsnytte. Det heng ikkje på greip, seier Nøttseter.

Ein motorveg via Fusa meiner dei bør byggjast med to-tre felt i staden for fire, dimensjonert for mindre trafikk.

- I førre runde føreslo Ap ein ekstra runde med kvalitetssikring også av indre trasé nettopp for å få på bordet alle konsekvensar ved båe alternativ. Men Frp/H-regjeringa vedtok å køyra på utan å få alle desse fakta på bordet, seier Kvåle.

Slike overordna vurderingar trur dei vil føra til ei politisk samling mot midtre trasé når fylkesutvalet samlast i slutten av månaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første steg mot full reversering?

Kvåle, Nøttseter og Haugland er alle samde om at det no kan sjå ut til at Ferjefri E39 står framføre eit politisk stemningsskifte.

Haugland har tru på at partane vil leggja til sides partipolitisk markering for å kunna sikra fleirtal i Fylkestinget.

- Dersom det går slik eg håpar og trur i fylkesutvalet, vil det i så fall vera ein kjempesiger, og noko eg har jobba for i fire år, seier Haugland.

- Det som skjedde i MISA viser i alle fall ein ting, som er utruleg positiv: Og det er at både Ap og KrF som tidlegare har vore for midtré trasé, no faktisk har snudd, og dei har prova det ved stemmegjevinga si. Det vil i neste omgang vera eit svært sterkt signal nasjonalt. Eg trur dette er første steget på vegen for å få reversert heile trasévalet, seier Nøttseter.

Atle Kvåle presiserer at partiet aldri har vore for midtre trasé, men at dei no ønskjer å vurdera båe alternativa opp mot kvarandre, og i den forstand opna for indre trasé.

Nøttseter viser til eit stadig større regionalt medvit om at Hordaland må velja blant alle samferdsletiltaka fylket ønskjer seg.

- Folk dør på vegen mellom Bergen og Voss. Folk døyr ikkje på ferja. Då er det klart at E16 må prioriterast før ferjefri E39. Det vil vera totalt uansvarleg av regjeringa dersom ferjefri E39 kjem i NTP i den forma prosjektet har no, seier han.