TV 2: Nesten 8.000 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksinen

Alvorlege: Av meldingane er 7.818 hendingar blitt klassifiserte som alvorlege.

Legemiddelverket har registrert nesten 8.000 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksine, viser ein ny rapport frå Legemiddelverket.

I rapporten går det fram at dei har fått 61.847 meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksinasjon. Det er ein auke på 923 sidan førre biverknadsrapport frå slutten av november.

Av meldingane er 7.818 hendingar blitt klassifiserte som alvorlege. Det er ein auke på 445 sidan sist rapport, skriv TV 2, som først omtalte rapporten.