Fleire festar: Politiet måtte rykka ut til fleire festar i løpet av natta.

Ukjend mann kom på ungdomsfest og klådde på jente (18)

Natt til søndag var ein gjeng ungdomar samla på ein badeplass då ein mann plutseleg kom bort.

— Alder på mannen veit me ikkje, men ungdommane skal ikkje ha kjend han, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Hendinga skjedde i 02-tida natt til søndag 14. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis uklart akkurat kva som skal ha skjedd, men mannen skal ha kome bort til ungdomsgjengen. Politioverbetjent Lyssand fortel at mannen skal ha fått lov til å ta ei av jentene på rumpa, men mannen «skal ha teke for seg».

— Ungdomane gjekk då frå staden, seier Lyssand.

Den fornærma jenta ønskjer ikkje å melda mannen eller bli avhøyrt om saka.

Mindreårige

Laurdag kveld klokka 22.13 vart det meldt om støy på Moberg grunna ein ungdomsfest med 16-åringar.

— Politiet rykte ut og avslutta festen. Det var promille inne i biletet og foreldra visste ikkje om festen, fortel Lyssand.

Fleire av foreldra vart kontakta og ungdommane vart sende heim.

— Heilt bajasar

Same natt, klokka 00.47, hadde fem ungdommar lagt seg ned midt i vegen på Byvegen mot Halhjem.

— Dei var heilt bajasar, men politiet rykte ut og fekk stoppa dei, fortel Lyssand.