Fredag kveld i 23:00-tida vart det meldt om ei trafikkulukke på Drangsvegen.

Ulukka på Drange: Politiet mistenkjer promillekøyring

To tenåringsgutar vart sendt til Haukeland med lettare skadar.

Fredag kveld i 23:00-tida vart det meldt om ei trafikkulukke på Drangsvegen.

I følgje politiet i Os er det snakk om ei singelulukke der ein mopedbil skal ha køyrt av vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

To tenåringsgutar skal vera involverte i ulukka. Ingen av dei var fastklemde då politiet kom til staden, men dei vart begge sendt til Haukeland med lettare skadar.

Politiet mistenker køyring i alkoholpåverka tilstand og utan førarkort.

Det er oppretta sak på forholdet.