Ulvenvegen stengjer måndag

Måndag kl 7 stengjer Ulvenvegen. Omkøyringa via Industrivegen kan by på ein del kø.

Fv. 160 blir stengt til utgangen av 2017 på grunn av anleggsarbeidet på E39 Svegatjørn-Rådal.

Nye E39 gjennom området ved Svegatjørn kjem på tvers av dagens fylkesveg nær Ulven næringspark, og går vidare i tunnel gjennom Skogafjellet til Endalausmarka og Rådal. Det er ein av grunnane til at Ulvenvegen blir stengt i anleggs- perioden. Dessutan skal massane i vegkroppen på dagens fylkesveg skiftast ut med nye massar, opplyser Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veglina skal rettast opp i høve til dagens veg. Det blir dessutan bygt gang- og sykkel-veg langs den nye Ulvenvegen.

I starten på byggjeperioden vil vasspegelen i Svegatjørn bli gradvis tappa ned. Deretter blir slam og lausmassar fjerna.

- Stein frå driving av Skogafjellstunnelen skal fyllast i magasinet. Her kjem nye E39 i fire køyrefelt, samt kryssområde med lokalvegnettet, opplyser vegvesenet, som påpeikar at det er relativt stor trafikk på Ulvenvegen i dag. Med omkøyring for lokaltrafikken kan det difor tidvis bli kø i Kolskogheiane og Industrivegen.