Rykte ut: Ein gamal konflikt skal ha blussa opp i Klokkargarden fredag kveld.

Ungdom i bråk: Ein gammal konflikt skal ha blussa opp i Klokkargarden fredag kveld

Politiet rykte ut fredag kveld etter melding om bråk mellom ein del ungdomar.

— Alle dei involverte er i alderen 16 til 18 år. Vi snakka med dei som var att på staden då vi kom dit. Det var seks eller sju ungdomar. Det var ingen som var skadd då vi kom dit, og det var inga slåsting, men det var konflikt mellom partane, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Det var ikkje ein konflikt som hadde oppstått på staden. Vakthavande fortel at inntrykket dei fekk, er at det er snakk om ein konflikt som ligg litt tilbake i tid, som blussa opp då ungdomane trefte på kvarandre i nærleiken av Klokkargarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var ikkje så alvorleg og kaotisk som det høyrdest ut då vi fekk meldinga, men ungdomane vil bli følgt opp i det førebyggjande sporet, seier politiet.