Rykte ut: Politiet har rykt ut til Nore Neset og Halhjem dei siste dagane.

Ungdom observert medan dei sprengde postkasse

Politiet meiner det er sannsynleg at ungdomane brukte fyrverkeri.

Laurdag kveld blei det meldt om skadeverk. Ungdom skal ha blitt observert då dei sprengde ein postkasse, sannsynlegvis ved hjelp av fyrverkeri, ifølgje politiet. Dette skjedde på Nore Neset.

Politioverbetjent Christine Grindstein opplyser at ungdomane var borte då politiet kom fram til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvelden i førevegen, første nyttårsdag, skal to jenter ha blitt observert i tilknyting til at det skal ha blitt tent på papir inne på toalettet ved venterommet på Halhjem ferjekai. Jentene skal ha sprunge frå staden før brannvesen og politi var på staden.

— Det var utelukkande røyk då brannvesenet og politiet kom fram. Ingen flammar. Det er oppretta sak, fortel Grindstein.