Ein gjeng med ungdomar skal i natt ha kome seg inn på området med utebasseng på Solstrand. Då politiet kom, stakk dei frå staden.

Ungdomar braut seg inn på Solstrand for å bada i utebassenget i natt

Spreidde seg i alle retningar då politiet kom til staden.

– Meldinga om desse ungdomane kom inn til politiet ti på halv fire natt til i dag (søndag). Dei skal ha teke seg inn og bada i utebassenget, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen og held fram:

– Då politiet kom til staden. Stakk dei av. Dei spreidde seg i alle retningar. Politiet har sett etter dei, men ikkje funne nokon av ungdomane. Dei skal ikkje ha øydelagt noko, men det er snakk om eit innbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal elles ha vore relativt roleg i Os i natt, fortel Magnussen.

– Ein person blei vist bort frå Brugata i 02.30-tida. Elles kan eg ikkje sjå noko anna i loggen.