Frå venstre - Mira Hannisdal Nilsen, Vegar Fosså, Evgenia Taranova, Tommy Vold Gjeldsvik, Ida Anette Isdahl og Martine Særvold Pedersen i interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd har seks punkt dei meiner er viktige for ungdom i Bjørnafjorden. No har dei fått svar frå politikarane.
Frå venstre - Mira Hannisdal Nilsen, Vegar Fosså, Evgenia Taranova, Tommy Vold Gjeldsvik, Ida Anette Isdahl og Martine Særvold Pedersen i interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd har seks punkt dei meiner er viktige for ungdom i Bjørnafjorden. No har dei fått svar frå politikarane.

Ungdomsrådet utfordrar politikarane del II: Les svara dei har fått

Bjørnafjorden ungdomsråd har utfordra politikarane på seks punkt. Os & Fusaposten sende punkta til partitoppane. Her er svara.

Resten av svara finn du i førre utgåve av avisa.

1. Ungdomsrådet meiner at arbeidet mot mobbing, krenkjande språkbruk og krenkjande handlingar i ungdomsmiljøet må styrkjast. Kva vil du og ditt parti gjera for å styrkja tiltak mot mobbing?

Artikkelen held fram under annonsen.

FrP: – Frp støttar at MOT vert eit tiltak i alle ungdomsskulane i Bjørnafjorden, og me vil utvida meistringsteamet i skulane til heile Bjørnafjorden. Teamet gjev oppfølging til elevar som treng det i kvardagen. Me har nulltoleranse for mobbing.

KrF: - Me vil jobba med gode haldningar i alle samfunnslag, der mobbing ikkje er akseptabelt. I skulen jobbar KrF for at me må være fleire vaksne slik at me har tid til å sjå alle. Det er også viktig som vaksen å væra tolerant mot andre.

Sp: – For å styrkja arbeidet mot utanforskap og mobbing må me arbeida for ei haldningsendring blant ungdom. Sp har programfesta at me vil sikra ressursar til god fagleg kvalitet og kompetanseheving i oppvekst og undervisning. Me har fått rapportar om at miljøet på ungdomsskulane våre kan vera nokså røft. Så delar av desse ressursane må gå til konkrete tiltak for å forhindra mobbing. Her er det viktig med tverrfaglege tiltak gjennom for eksempel oppretting av møteplassar for ungdom. Sp sit ikkje på svaret for å løysa dette, så vidt me veit har ingen funne den perfekte oppskrifta. Her er me avhengige av å gje ressursar til dyktige fagfolk.

H: – Me i Høgre har nulltoleranse mot mobbing. Eg er sjølv tilhengjar av dei nasjonale kampanjane og vil bruka dei jamleg. Skjult mobbing er eit stort problem, og dei som best kan følgja med på dette, er foreldra. Eg meiner at ein må setja temaet på agendaen ofte og informera breitt så mykje som mogeleg.

MDG: – MDG går inn for å styrkja kompetansen i helsevesen, barnehage og skule for å oppdaga vald, mobbing og overgrep mot barn tidleg. Ei slik satsing må også kombinerast med god bemanning. Me trur også at Ungdommens hus, som skal drivast med stor medverknad frå dei unge, kan bidra til eit godt og trygt ungdomsmiljø. Det er viktig at skulane arbeider kontinuerleg med kva som er akseptert åtferd og språkbruk. Her har elevane mykje å bidra med. Meistring gjev trygge elevar, og me trur at trygge elevar mobbar mindre. Meir satsing på ikkje-teoretiske fag som musikk, dans og kunstfag kan verka førebyggjande på mobbing og isolasjon, og me ønskjer å sjå nærare på slike tiltak i den kommande perioden. Så veit me at mykje mobbing skjer på sosiale medium – utanom skuletid. Her er det viktig med haldningsendringar og kunnskap – både hos foreldre og born. Akkurat som i samfunnet elles, bør det få konsekvensar dersom ein bryt lova i sosiale kanalar. Me har stor tillit til at ungdomen sjølv veit kva som er greitt og ikkje greitt på nett, men det skal ikkje vera slik at ungdommen åleine har ansvaret for å halda orden på dei digitale møteplassane. Det må vera trygt og enkelt å involvera vaksne dersom ein opplever situasjonar ein ikkje har kontroll over.

Ap: – Me vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen – miljøarbeidarar, sosiallærarar, helsesjukepleiarar og skulepsykologar m.fl. Alt for mange born og unge slit psykisk, og dei må få tidleg hjelp. I tillegg skal lærarane få konsentrera seg om det dei er best til – gje god og tilpassa undervisning. Vår ordførarkandidat Trine Lindborg tok dette spørsmålet opp i kommunestyret 2. april 2019. Sjå Os og Fusaposten 26. april.

V: – Mobbing har vore tatt opp som tema både i medlemsmøte og i kommunestyre. Det har me også fokus på.

2. Ungdomsrådet meiner born og unge må involverast og verta høyrde i samfunnsplanlegging og politiske prosessar rundt trafikksikring i nærmiljøa. Korleis kan ein engasjera dei meir i dette arbeidet?

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp: – Ungdomsrådet skal få ein sentral plass i arbeidet med samfunnsplanlegging. Arealplanar o.l. skal på høyring til ungdomsrådet. I tillegg vil me involvera skulane i planarbeidet, slik me til dømes har gjort med kartlegging av gangvegar gjennom Barnetråkk-prosjektet.

KrF: – KrF meiner det er viktig å senda saker som angår barn og unge ut på høyring. Dette er viktig for å sikra politisk forståing slik at ein kan forstå korleis demokratiet fungerer. Dette kan gjerast med å invitera via skulen. Også bruk av ungdomsrådet.

Sp: – Her vil me trilla ballen tilbake til ungdomsrådet med gode oppmodingar. Ungdomsrådet har mykje meir makt enn dei trur. Ungdomsrådet kan bruka jungeltelegrafen og sosiale medium til å mobilisera born og unge. Samle ein stor gjeng, få journalistar til å ta bilete av dykk mens de viser og seier kva de vil og meiner. De kan til og med sende inn saker til kommunestyret. Eit ungdomsråd må bruka sitt ungdommelege pågangsmot, og bruka det til å laga litt støy. Sp har programfesta å støtta gode initiativ som kjem frå ungdomsrådet. Me håper å høyre mykje frå dykk! Me har også programfesta å få laga ein prioritert plan for fotgjengarfelt, gang- og sykkelvegar; der born vert prioritert når det gjeld trafikktryggleik.

H: – Me i Høgre ønskjer å involvera Ungdomsrådet som høyringspart på lik linje med eldrerådet og ein del andre organisasjonar, og få innspel til reguleringsplanar. Me har i større grad byrja med informasjonsmøte, og vil halda fran med dei i større grad for å nå ut til flest mogeleg. Ungdomsrådet kan ha ein nøkkelfunksjon for at me skal nå ut ungdommen.

MDG: – Det er viktig for Miljøpartiet Dei Grøne at ungdommen får meir plass i demokratiet. Dei Grøne har stått på for at ungdomens kommunestyre ikkje berre skal vera ein passiv høyringspart, men også ha eige budsjett som ungdomen disponerer åleine. Me er tydeleg på at kvaliteten på nærmiljø, anten det er trafikksikring, leikeplassar eller busstilbod har vore for dårleg i den raske utviklinga Me har hatt gjennom mange år. Det er særs viktig at born og ungdom som er hovudbrukarar av nærmiljø får ei sterkare stemme i utvikling av kommunen. Me har ein visjon om at alle som bur så nær skulen at dei ikkje får skulebuss, skal ha høve til å gå eller sykla trygt om dei ønskjer det.

Ap: – Ved å oppretta ungdommens kommunestyre, får ungdommen eit talerøyr inn i kommunen. Dermed får alle ungdommar i Bjørnafjorden ein mykje sterkare posisjon inn mot dei som styrer enn kva dei har i dag.

V: – Det er ikkje lett å få unge politisk engasjert i politikk. Me vil jobba for å få dette til i den nye kommunen og treng både innspel, inspirasjon og engasjement frå Bjørnafjorden Ungdomsråd her. Det inviterer me til. Det å ha Bjørnafjorden Ungdomsråd med på rådføring i samfunnsplanlegging i vår nye kommune ser me som ein styrke. Det må me i partiorgana invitera til.

3: For at ungdom skal oppleva god helse må dei ha gode, forebygjande helsetenester lett tilgjengeleg der dei oppheld seg, på tider der ungdom kan bruka tilbodet. Eksempelvis knytt til idrettshallar eller aktivitetsarenaar. Kva tenkjer du og ditt parti om dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

FrP: – Frp vil ha ein aktiv Helsestasjon for ungdom, som også er ute på skulane og t.d. til stades på Ung Arena i Os Aktiv-bygget.

KrF: – Det er viktig å vera tilgjengeleg der ungdomane er, samtidig er det kanskje vanskeleg å gje dette tilbodet ved alle idrettshallar. Difor trur eg på helsetenester på nettet slik at ungdom kan venda seg via nett, dette kan føre til mindre tabu.

Sp: – Senterpartiet vil styrkja og utvida psykologtenesta til heile kommunen. Dette må me kombinera med tidlegare nemnde møtestader og tiltak mot mobbing og utanforskap. Alle desse momenta heng saman, og igjen er det viktig med tverrfaglege samarbeid for å styrkja lågterskel-tenester for ungdom som slit. Den nye fleirbrukshallen i Eikelandsosen har faktisk eit eige helserom som kan brukast til for eksempel helsesjukepleiar, fysioterapeut, psykolog og lege. Når det gjeld fysisk helse, vil me innføra gratis skulefrukost, auka fysisk aktivitet i skulen og gje stønad til tiltak som aktiviserer stillesitjande ungdom.

H: – Hos Høgre er det programfesta å styrkja helse- og psykologtilbodet i Bjornafjorden. Me vil få til eit lågterskeltilbod og Os Arena er ein naturleg plass å ha eit kontaktpunkt for ungdom. Eg kan ikkje lova at det vert helsesøster eller sjukepleiar, men ein utekontakt eller miljøarbeidar som kan senda ungdommen i riktig retning, bør me få på plass der, i dei tidspunkta ungdommen brukar arenaen. Det same gjeld i Eikelandsosen i fleirbrukshallen der.

MDG: – Ei form for helsestasjon for ungdom kan vera mogeleg å få etablert i samband med idrettshallar eller eit ungdommens hus, gjerne i ei form for lågterskel helseinformasjons- og rettleiingsteneste, Dette er noko som me ikkje har programfesta, men det er ein god idé, og den bør arbeidast vidare med. Me veit også at for mange kan det vera lågare terskel for å nytta seg av slike tenester i digitale kanalar. Me ser gjerne på lokale variantar av til dømes Helsesista på Snapchat.

Ap: – Me vil halda oppe og styrkja helsestasjonane for ungdom både i Eikelandsosen og på Osøyro. Me syns ideen om helsestasjon i tilknyting til idrettshallar og andre aktivitetsarenaer er svært god og vil vera positiv til å finne gode ordningar der helsesjukepleiarane kjem dit ungdommane er. Elles er me svært positive til helsesjukepleiarar i sosiale medium som til dømes Helsepling på Snapchat som finst ved dei vidaregåande skulane i Os.

V: – I vårt program vil me styrkja PPT-tenesta saman med helsesjukepleiar dette sett i samanheng med mobbing både i barneskule og vidaregåande skule.

karfors88@gmail.com