President Harald Grotle ynske velkomen til foredrag om privatøkonomi ved banksjef May Sissel Syslak frå DNB. Med seg hadde ho Skjalg Solhaug (bak) og Sondre Byrknes.
President Harald Grotle ynske velkomen til foredrag om privatøkonomi ved banksjef May Sissel Syslak frå DNB. Med seg hadde ho Skjalg Solhaug (bak) og Sondre Byrknes.

Unge har milliard i kredittkortgjeld

Unge mellom 18 og 26 år har til saman ein milliard i kredittkortgjeld. - Det er viktig for alle å ha eit forhold til privatøkonomi, slo banksjef May Sissel Syslak fast under utdanningsmessa på Nore Neset.

Onsdag kveld inviterte Os Lions til kveldsarrangement for ungdomen med føresette under utdanningsmessa. På agendaen stod privatøkonomi og unges forhold til pengar.

- Undersøkingar viser at meir ein halvparten av alle unge vedgår at dei ikkje har oversikt over kva dei bruker pengar på, sa Syslak i innleiinga. Ho er banksjef i DNB ved kontoret på Lagunen, og hadde med seg Sondre Byrknes og Skjalg Solhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Syslak fortalde at når ho var ung, hadde ho lommebok, og når lommeboka var tom, var ho tom.

- I dag kan dei unge få sitt fyrste bankkort når dei er 10 år gamle. Rett nok med enkelte avgrensingar. Når dei er 15, vert rettane utvida og dei kan mellom anna handla på nett med kortet. Fram til fylte 18 år må det vera pengar på kortet for å kunna bruka det. Etter at ein er fylt 18, kan ein også få kredittkort.

- Då er det viktig å ta kontroll og forstå bruken av kredittkort. Ikkje alle taklar å få kontroll over eigen økonomi, og det er trong for opplæring i dette, konstaterte Syslak.

Utfordring til gutane

Skjalg Solhaug kunne avsløra at det verkar som det er jentene som har det mest bevisste forholdet til privatøkonomi.

- Utfordringa er dermed gitt til gutane. Vis interesse og ver bevisst eigen pengebruk, oppmoda Solhaug.

Sondre Byrknes kom med ei opplagt, men likevel naudsynt påminning om kredittkortbruk.

- Bruker du kredittkort, bruker du pengar du ikkje har. Dette er beløp som skal betalast tilbake, og det er høg rente om du ikkje klarer å betala ned beløpet raskt, sa Byrknes.

Han la til at det kan vera situasjonar der det er naudsynt og hensiktmessig å nytta kredittkort.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er i situasjonar der du veit at du om kort tid får inn eit beløp som dekkjer summen du legg ut med kredittkortet. Det kan til dømes vera å betala Syden-turen i mai, viss du veit at du får løn frå sommarjobben i juni eller juli. Dersom du ikkje får inn pengar til å dekka beløpet, vert det ein dyr Syden-tur, påpeika Byrknes.

Betalingsanmerkning

Til sjuande og sist kan manglande betaling enda med ein betalingsanmerkning. Dette skjer dersom du unnlet å betala ei rekning etter gjentatte purringar.

- Då endar du rett og slett opp i eit offentleg register som ein "dårleg betalar". Dette vil få konsekvensar når du i neste omgang vil ta opp lån eller skaffa deg kredittkort eller liknande. Mange av dei ein kjem i kontakt med kring kjøp og låneopptak, vil sjekka dette registeret. Unngå for all del å hamna der, var den klare oppmodinga frå Byrknes.

Ein betalingsanmerkning kjem uavhengig av opphavleg beløp, men vert sletta når ein har gjort opp for seg.

Solhaug slo eit slag for mindre sløsing, og hadde fleire reknestykke på korleis kjøp av berre ein bolle for dagen, eller lunsj i staden for matpakke tre dagar i veka, fort kunne bli til store beløp.

- Evnar ein å droppa desse impulskjøpa, kan ein vera langt på veg til ein Syden-tur eller førarkortet, påpeika Solhaug.