- Det er vestleg vindretning. Det betyr at det er meir enn berre kysten som vil merka den sterke vinden. Vinden vil dreia mot nordvest, så det vil ta godt innover fjordane. Vi varsler at det kan bli full storm, og vinden vil koma i kast, seier vakthavande meteorolog, Reidun Holmøy. (Arkivfoto)

- Urd minner om Nina

Ekstremvêret Urd er på veg inn over kysten. Vakthavande meteorolog, Reidun Holmøy, oppmodar folk til å halda seg innandørs.

- Om ein ikkje har noko ein må gjera ute, er det best å halda seg inne når det står på som verst. Ein bør i alle fall halda seg borte frå kysten, seier Holmøy.

Då stormen Nina traff Os og Fusa i 2015, vart delar av bygda isolert pga. falne tre, bilar og hus vart skadde, og straumen gjekk fleire stader. Holmøy seier at Urd minner mykje om Nina.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Urd er hakket svakare enn Nina. Lågtrykket har vore på det sterkaste ute i havet, medan Nina utvikla seg innover mot land. Men Urd kjem til å råka eit større område. Frå Stadt til Lindesnes, seier Holmøy.

Det bles alt ute. Vinden kjem til å auka på i løpet av kvelden og natta.

- Vêret vil vera på sitt verste i morgon ettermiddag. Før klokka 15.00, vil eg tru. Det vil gje seg i løpet av kvelden i morgon, seier Holmøy.

Meteorologen fortel at det er vanskeleg å sjå kvar vêret kjem til å vera verst.

- Det er umogleg å seia. Det er vestleg vindretning. Det betyr at det er meir enn berre kysten som vil merka den sterke vinden. Vinden vil dreia mot nordvest, så det vil ta godt innover fjordane. Vi varsler at det kan bli full storm, og vinden vil koma i kast.