
Usemje rundt rabatterte tannlegeprisar
Det offentlege tannhelsetilbodet blir stadig utvida. Fleire grupper blir innlemma i rabattordning.
Ifølge regjeringa har unge vaksne mellom 19 og 24 år lovfesta rett til rabattert tannhelsetilbod i den offentlege tannhelsetenesta. I statsbudsjettet for 2025 er det vedteke at ordninga òg skal inkludera 25–28-åringar. Den offentlege tannhelsetenesta har på si side ikkje kapasitet til å ta imot alle.
- Nye reglar frå oven
Det offentlege tannhelsetilbodet for unge vaksne har gradvis blitt styrkt dei siste fire åra. Den offentlege tannhelsetenesta ligg til fylkeskommunane. I slutten av januar fekk dei oppdragsbrev frå Helse- og omsorgsdepartementet. No skal unge vaksne mellom 25 og 28 år få tilbod om tannbehandling med 75 prosent rabatt. Det fortel rådgjevar i staben til fylkestannlegen i Vestland, Siri Espedal Vold.

– Gjeldande regelverk for 25–28 åringar var lenge uavklart og det var mykje att og fram. 25- og 26-åringane blei tekne ut av Statsbudsjettet for 2025, men kom inn att som eit budsjettvedtak i Stortinget før jul, forklarar ho.
Den offentlege tannhelsetenesta har altså fått i oppdrag å gi eit tilbod til denne pasientgruppa.
– Vi opplever stort press på dei offentlege tannklinikkane og stadige utvidingar med korte fristar. I tråd med dette har pasientmengda dei siste åra auka med mellom 30-40 prosent rundt om i fylka. Det gjer det vanskeleg å følgje opp når dei offentlege klinikkane har utfordringar med å få til ei tilsvarande auke i kapasitet i form av tilsette og lokale, utdjupar Vold.
Tidspunkt for iverksetting av tilbodet er sett til «så snart praktisk mogleg». Det er ifølge Vold ikkje mogleg over natta, men dei er i prosess med ulike løysingar og tiltak.
– Det blir gitt informasjon sentralt frå politikarane, men lokalt tar dette tid. Vi har mange skuffa pasientar som gjerne ønsker å nytte seg av tilbodet omgåande, seier ho.
Mellom barken og veden
Det kan i alle fall éin pasient seia seg einig i. Ho ønskjer å vera anonym, men fortel at ho gjekk til privat tannlege heilt til at ho fann ut at dei i alderen 25–28 år no var innlemma i rabattordninga.
– Eg googla litt og fann informasjon på Helsenorge. Då ba eg tannlegen min om å få utskrive journalen så eg kunne ta det offentleg i staden. Det er jo dyrt å gå privat. Eg har hol, så for meg er det stor forskjell på 10.000 og 2.500 kroner i utgifter, medgir ho.
Tannklinikken kunne fortelja pasienten at dei har fått beskjed om at dei berre får ta imot akutte tilfelle. Då kontakta ho Vestland fylkeskommune, som sa det same. Vidare fekk pasienten beskjed om at ho kunne få tilvising til annan offentleg tannlege. Då ringde ho sjølv til klinikken i Eikelandsosen, som atter ein gong sa det same.
Den utvida rabattordninga for 25–28-åringar er vedteken i statsbudsjettet, men retten til behandling er per i dag ikkje gyldig ved lov. Ein har sterkare rettar som pasient når retten er lovfesta.
Vold hos fylkestannlegen utdjupar:
– Vi må prioritera lovfesta grupper. Denne prioriteringa gjer vi internt i tenesta og vi prioriterer barn, unge og eldre, samt pasientar med utviklingshemming eller andre særskilde behov. I enkelte område er det er lang ventetid for dei som allereie har lovfesta rett, understrekar ho og held fram:
– Unge vaksne i aldersgruppa 25 til 28 år hamnar difor lenger bak i køen. Men, vi tilbyr alle akutt behandling.
Ønsker ei heilskapleg vurdering
Alle fylkeskommunane har sendt høyringsuttalar til departementet.
– Fagmiljøet nasjonalt og lokalt er opptekne av at utvidingar i større grad er basert på faglege grunngjevingar og at dei med størst behov vert prioriterte først, heller enn generelle utvidingar av heile aldersgrupper. Tannhelseutvalet la fram sin rapport hausten 2024 og det er knytt stor forventning til at det endeleg blir gjort ei heilskapleg vurdering av tannhelsetenesta og ikkje berre justering av lovverket med utvidingar av nye aldersgrupper. No ventar vi i spenning på konklusjon 1. juli, fortel rådgjevaren.
Den anonyme pasienten skulle gjerne sett at det tidlegare tilbodet om refusjon blei vidareført. Då rabattordninga kom på plass for aldersgruppa 19 til 24 år, kunne ein gå til privat tannlege og få refundert rekninga, dersom den offentlege tannklikken ikkje hadde kapasitet.
– Men eg er einig med fylkeskommunen, at ein bør sjå på tannhelseordninga i si heilheit. Eigentleg synst eg det burde gå innunder same frikortordning som hos legen, avsluttar ho.