OKAB kjem også i år til å ha med seg gravemaskin-simulator til utdanningsmessa i Nore Neset Aktivitetshus, men om det vert ein flett ny eller ein litt eldre, er førebels for tidleg å seia. (Arkvifoto)
OKAB kjem også i år til å ha med seg gravemaskin-simulator til utdanningsmessa i Nore Neset Aktivitetshus, men om det vert ein flett ny eller ein litt eldre, er førebels for tidleg å seia. (Arkvifoto)

Utdanning: Hankar mange gode "gravarar" frå Os vidaregåande skule

Opplæringskontoret for anleggs- og bergfag (OKAB) har ansvaret for 190 lærlingar. Fleire av dei kjem frå Os vidaregåande skule.Kenneth Svenningsen

- Eg kan vanskeleg få skrytt nok av Os vidaregåande skule og anleggslinja deira. Folka der er utruleg flinke og linja deira er blant landets beste, seier dagleg leiar for OKAB i Hordaland og Rogaland, Geir Boge.

Flett ny simulator

Litt under ein månad før OKAB-gjengen set kursen for utdanningsmessa i Nore Neset Aktivitetshus (9.-10. november) lokkar han gravemaskin-interessert ungdom i Os til også å helsa på folka hans på eit anna arrangement i Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Frå og med tysdag 18. til torsdag 20. oktober arrangerer me NM i gravemaskinkøyring i Vestlandshallen i Åsane. Det er eit svært populært arrangement som normalt trekkjer 15.000-20.000 menneske, fortel Boge.

På arrangementet vil frammøtte kunna få prøva ein flett ny simulator.

- Det er ein gravemaskinsimulator som gjev ei svært realistisk kjensle av å køyra gravemaskin. Faktisk er det til og med motorisert sete som krenger etter korleis føraren handterer grabben, fortel Boge.

Han har eit håp om å få den nye simulatoren med til Nore Neset også, men vågar ikkje lova at dei får det til.

Gode utsikter

- Me kjem uansett til å ha med oss simulator til Nore Neset, men om det vert den flett nye, eller ein litt eldre, er uvisst nett no, seier Boge.

Han håpar likevel unge osingar av begge kjønn kjem til OKAB sin stand på utdanningsmessa.

- Det er gode utsikter for lærlingjobb innan vårt fag, og med ein så flott skule som Os vidaregåande i området, bør fleire osingar vurdera anleggs-utdanning, tilrår Boge.