Opus Bergen AS)
Opus Bergen AS)

- Utnyttingsgraden må reduserast

- Detaljreguleringa inneheld ingen detaljar, påpeikar grannane til hotelltomta på Skjørsand. Grannane meiner planane til tiltakshavar Sjø1 AS er for diffuse, og at anlegget er for stort.

Anlegget skal ifølgje planskildringa ha ein storleik på totalt 16.000 kvadratmeter, noko som gjev ein utnyttingsgrad på tomta på 253 prosent.

- Utnyttingsgraden er høgare enn i bynære strøk langs bybanetraseen i Bergen. Her er grensa 250 prosent, påpeikar dei 29 grunneigarane og grannane som har skrive under på ein felles uttale til reguleringsplanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi merker oss at i tillegg til den ekstreme utnyttingsgraden på eiga tomt, har planleggar gjeve prosjektet så store dimensjonar at han ikkje klarer seg på eige areal, men har forsynt seg av annan manns grunn. Dette utan å varsla eller innhenta løyve på førehand.

Grannane undrar seg òg over det dei kallar ulik praktisering av 100-metersregelen i strandsona.

- Medan andre får avslag for langt mindre prosjekt i strandsona, ligg hotellanlegget langt innanfor 100-metersgrensa, påpeikar dei.

Spøkelseshus?

Gert Nielsen og Ida Kaland er næraste granne til hotelltomta på Nedre Skjørsand. Dei er, til liks med dei andre grannane, positive til aktivitet på tomta, men meiner at planane til Sjø1 AS er for diffuse.

- Vi oppfattar ikkje reguleringsplanen som ein plan, men ei ønskeliste, skriv paret og utdjupar:

- Det er sett opp i alle fall fire alternativ til kva tomta skal brukast til, der ingen er detaljerte i ein slik grad at det er mogleg å forstå korleis anlegget vil bli.

Nielsen og Kaland reagerer òg på storleiken til prosjektet. Dei påpeikar at Solstrand Hotel og Bad har eit bygningsareal på om lag den same storleiken, men at hotelltomta på andre sida av Bjørnefjorden er fire gongar så stor.

- Kommunen har ikkje grunngjeve kvifor ein ser på det som naudsynt med eit så stort anlegg. Dette var ifølgje fylkesmannen ein vesentleg mangel ved kommunen si handtering av saka tidlegare, og ei av årsakene til at vedtaket vart oppheva, går det fram av uttalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nielsen og Kaland har inga tru på at eit hotellanlegg av denne storleiken kan ha livets rett på Skjørsand.

- Skal vi ha eit spøkelseshus i bygda føretrekkjer vi å behalda det vi har, framfor å få eit 16.000 kvadratmeter stor anlegg som ikkje er i drift, skriv dei.

Krev konsekvensutgreiing

Grannane er ikkje samd med utbyggjar i at det ikkje er trong for ei konsekvensutgreiing i samband med utbygginga.

I uttalene sine viser dei til Forskrift for konsekvensutgreiingar der det framgår at "reguleringsplanar for næringsbygg med eit bruksareal på meir enn 15.000 kvadratmeter alltid skal konsekvensutgreiast".

- Det er med andre ord ikkje rett, slik forslagsstillar skriv, at det ikkje er krav om ei konsekvensutgreiing, påpeikar Guro Klyve og Bjarte Krüger.

Andre ting grannane ønskjer meir informasjon om er: Utbetring av veg, privatisering av strandsona og korleis utfordringane knytt til vatn, elektrisitet og kloakk skal løysast.

Når det gjeld det siste punktet, finn styreleiar i Skjørsand og Fusa vassverk SA, Erling Syvertsen, det naudsynt å koma med følgjande merknad:

- I reguleringsføresegnene står det at det skal utarbeidast ein VA-plan og at det skal gjerast ein skriftleg avtale med vassverket før anleggsarbeidet kan starta. Det har fram til no ikkje vore kontakt mellom Skjørsand og Fusa vassverk og tiltakshavar. Det synest vi er underleg ettersom tiltak av denne storleiken krev at det vert lagt ny vassleidning fram til området. Kostnaden med denne vassleidninga skal etter vårt syn dekkjast av tiltakshavar, skriv Syvertsen i ein e-post til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Lite konkret

I Fusa kommune sin arealplan er området sett av til bustadføremål. I planskildringa derimot vert følgjande formulering lagt til grunn: "Bruk av området der eksisterande bygg står, har vore næringsverksemd/offentleg føremål. Planframlegget endrar såleis ikkje bruken av området".

Det reagerer granne Magne Fjell på. Han påpeikar at bygningsmassen på tomta i dag er på vel 1.200 kvadratmeter.

- Korleis tiltakshavar kan meir enn tidobla bygningsmassen, utan at det endrar bruken av området, verkar uforståeleg for meg, skriv han.

Alt i alt konkluderer grannane med at dei ikkje kan sjå nemneverdige endringar i planskildringa frå førre runde.

- Planen framstår framleis ullen og lite konkret, skriv grannane og bed kommunen om å tromma saman til eit informasjonsmøte.