To år på rad har brannvesenet og politiet måtte rykka ut til same stad på same tid på nyttårsaftan.

– Utrykking til Halhjem midt i nyttårsmiddagen er i ferd med å bli ein tradisjon

På nesten nøyaktig same tidspunkt som i 2018, måtte brannvesenet rykka ut etter melding om røykutviklingg frå Fretex-boksen på Halhjem.

Det skal ha blitt observert leik med fyrverkeri, og at nokon skal ha kasta fyrverkeri opp i containeren.

– Det er det same som skjedde året før, fortel varabrannsjef Erik Walden og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år var det ikkje brann i containeren, men nokon hadde kasta fyrverkeri oppi. I 2018, var det full fyr. Det var det same vaktlaget både frå brannvesenet og politiet som var på staden denne gongen. Utrykking til Halhjem midt i nyttårsmiddagen er i ferd med å bli ein tradisjon, fortel Walden.

Politioverbetjent, Anne Lyssand, stadfestar at politiet var på staden.

– Eit vitne som var på tur såg at ungdomar kasta fyrverkeri i containeren. Vi fekk ei skildring av dei, men fann dei ikkje. Det blei funne fyrverkeri i Fretexboksen.

Berre eit steinkast unna, blei det gjort skadeverk nyttårsaftan, noko som gjorde at Søre Neset Idrettslag måtte starta året med dugnadsarbeid.