Romjul: Politiet i Os har jobba jamnt og trutt så langt i jula.

Vald på Søfteland, feststøy og to utforkøyringar

Politiet i Os melder om desse hendingane så langt i romjula.

Ved midnatt på julafta vart ein mann i 40-åra pågripen og sett i arrest etter å ha utøvd vald mot ein mann i 60-åra. Hendinga skjedde på Søfteland.

Det skal vera snakk om mindre skader på den fornærma. Politiet gjennomførte åstedsundersøking seinare på dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sladding på Ulven

Kring 22.30 kom politiet over ein mann i 40-åra som sladda med bil på Ulven.

Politiet tok beslag i mannens førarkort. Han vart også meldt for brot på Vegtrafikklovas § 3: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret."

Laserkontroll Moberg

Klokka halv to natt til 2. juledag hadde politiet laserkontroll i Mobergsbakken

Det vart skrive ut to forenkla førelegg. Høgaste fart vart målt til 68 km/t i 50-sona.

Støy på Øyro og Søre Neset

I to-tida natt til 2. juledag fekk politiet melding om høg musikk og støy i Os sentrum

Vedkomande fekk pålegg om å halda ro.

Natt til søndag 27. desember, var turen komen til Søre Neset. Der rykte politiet ut i halv eitt-tida etter melding om støy og høg musikk. Også her vart det gjeve pålegg om å halda ro.

Bil i grøfta

I 18-tida 2. juledag hamna ein bil i grøfta i Os nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førar var ein mann i 50-åra. Det er ikkje mistanke om rus og ingen materielle skader. Mannen er meld for brot på vegtrafikklovas § 3 og det er teke beslag i førarkortet.

Utforkøyring Lysefjorden

Nokre timar seinare, kring kl 22, fekk politiet melding om ei utforkøyring i Lysefjorden. Føraren her var ein mann i 20-åra. Heller ikkje her var det personskade.

Mannen er meld for brot på vegtrafikklovas § 3 og det er teke beslag i førerkortet.

Fartsmåling Søfteland

I seks-tida mandags morgon vart det føreteke gjennomsnittsfartsmåling på Søftlenand. Politiet skreiv ut to forenkla førelegg. Høgste målte fart var 74 km/t i 60-sona.