Kjem med meir: - Vi kjem med meir informasjon om dei lokale smitteverntiltaka så snart dei er klare, opplyser ordførar Trine Lindborg (Ap).

Varslar nye tiltak i Bjørnafjorden: - Denne gongen vil det bli både påbod og forbod

Fordi Bjørnafjorden tilhøyrer ein bu- og arbeidsregion med stort smittetrykk, har helseministeren bede kommunen vurdera endå strengare tiltak i ein periode for å stansa smittespreiinga.

- Arbeidet med å vurdera dei lokale tiltaka er i gang, i tett samarbeid med Bergen kommune, Fylkesmannen og dei andre omegnskommunane til Bergen. Denne gongen vil det bli forskriftsfesta tiltak, altså både påbod og forbod, ikkje lenger "berre" anbefalingar. Vi kjem med meir informasjon om dei lokale smitteverntiltaka så snart dei er klare, opplyser ordførar Trine Lindborg (Ap).

Videomøte

Kommunen opplyser at ordføraren og kommunedirektør Christian Fredrik Fotland deltok i dag tidleg, saman med representantar for dei andre kommunane i bergensregionen, i eit videomøte med helseminister Bent Høie (H). Helseministeren orienterte om alvoret i situasjonen og understreka at det er avgjerande med felles og mest mogleg like smitteverntiltak i heile bergensregionen, heiter det på kommunen sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om smittesituasjonen i Bjørnafjorden kommune er under kontroll, er det viktig at alle vi som bur i bergensregionen veit kva for reglar og retningslinjer som gjeld. Vi må unngå forvirring, seier ordførar Trine Lindborg.

- Difor samarbeider alle vi kommunane i bergensregionen no tett for å førebu oss på ein samla og effektiv innsats mot smittespreiinga. Dette er ein innsats kvar og ein av oss må vera med på.

Her kan du lesa anbefalingane som gjeld for alle i heile Noreg.