Lokalt politi har sikra seg tips etter melding om stole båt.

Vart pressa av vegen av ein råkøyrar

Ein bil med fire personar i køyrde fredag kveld av vegen i krysset ved Lysekloster/Sperrevikvegen. Føraren forklarte politiet at dei vart pressa av vegen.

Førar og dei andre i bilen forklarte at dei måtte vika for ein blå/sort eldre bil, trulig ein BMW, sedan, som kom i svært høg fart ned bakken.

Føraren av bilen som køyrde utfor måtte difor svinga inn på eit jorde for å unngå kollisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldigvis gjekk det bra med dei som sat i bilen. Politiet melder om berre materielle skader på bil.

– Politiet har oppretta sak på dette og er interessert i tips dersom nokon har observert ein mørk sedan i same område i rundt i 23-tida fredag kveld, seier Atle Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Slo på passerande biler

Politiet fekk fleire meldinger på ein berusa mann som natt til laurdag stod i vegbanen (E39) og stansa, samt slo etter passerande biler. Før politiet kom til staden la mannen på svøm i vatnet ved ER-AN. Heldigvis kom mannen seg opp av vatnet like etter at politiet kom til staden.

Mannen blei overteken av helsepersonell og køyrd med ambulanse til Haukeland. Han er meldt for ordensforstyrring.

Mannen er i 30 årene og kjem fra Os.