Brukar for mykje vatn: Slik stoda er no, blir det brukt for mykje vatn i Bjørnafjorden kommune.

Vassforbruket går i taket om ettermiddagen: Kommunen bed folk bruka mindre vatn

Kan risikera at det ikkje er nok vatn til å sløkkja ein eventuell brann.

Bjørnafjorden kommune opplyser at den kjærkomne varmen gjer at vi brukar meir vatn enn vi bør.

— Vassbehandlingsanlegga våre jobbar på maksimal kapasitet, men forbruket er så høgt om dagen at vi nesten ikkje greier å levera nok vatn. Forbruket går i taket når folk kjem heim om ettermiddagen, tappar i badebasseng, set på spreiarar og vatnar i hagen. Det er fullt forståeleg, seier einingsleiar for VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har følgjande råd til alle i heile Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk.

* Ikkje bruk vatn unødvendig

* Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen liggja og renna

* Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatna planter og bed.