Dette er det forbod mot i Strandvik og Vinnes. Fusa kommune vurderar også å senda ut forbod mot hagevatning.
Dette er det forbod mot i Strandvik og Vinnes. Fusa kommune vurderar også å senda ut forbod mot hagevatning.

Vatningsforbod i Strandvik og Vinnes

Strandvik og Vinnes Vassverk SA har gått ut med vatningsforbod med umiddelbar verknad.

I ein SMS til abonnentane, skriv verksemda at det langvarige finvêret har ført til at det for tida er høgare vassforbruk enn det reinseanlegget klarer å produsera. Mykje av forbruket er knytt til vatning i hagar. Vi innfører difor vatningsforbod med umiddelbar verknad. Håper alle respekterer dette, skriv styret.

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få kontakt med styret måndag. Skjørsand og Fusa vassverk innførte forbod mot hagevatning søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vurdere forbod

Os & Fusaposten kjenner ikkje til om dei andre private vassverka, Nordtveit, Baldersheim og Sævareid vassverk har innført forbod. Det offentlege vassverket forsyner Eikelandsosen og delar av Hålandsdalen. Her er det ikkje innført forbod per no.

– Eg vil oppmoda innbyggjarane til å spara på vatn. Vi vurderer eit forbod også. Held forbruket fram som det er no, vil det ikkje gå lang tid før vi sender ut varsel om forbod. Det vil vi leggja ut på heimesida i tillegg til at vi sender ut SMS til abonnentane, fortel leiar for teknisk drift, Øystein Havsgård.

Os kommune har gått ut og varsla at det kan koma eitforbod mot hagevatning.