Vedgjekk nasking

Ein mann i 30 åra vart måndag kveld oppdaga då han naska sjokolade frå ein butikk på AMFI Os. Då politiet treffte på karen like etter erkjente han forholdet. Saka er meldt av butikken.

Høglydt bråk

Etter melding om høglydt verbalt bråk gav politiet natt til tysdag ein mann i 60 åra pålegg om å haldsa seg borte frå ein spesifikk bustad i Os. Pålegget vart gjeldande for det næraste døgn.