Ulukke: Luftambulansen rykte ut etter ei trafikkulukke i nærleiken av Ulven leir onsdag kveld. Foto: Privat

To personar sendt til Haukeland etter trafikkulukke

To motorsyklar skal ha vore involverte i ulukka.

Ein tipsar opplyste at trafikken stod på Lyseklostervegen ved Ulven leir onsdag kveld etter ei ulukke. Den fyrste beskjeden skal ha vore at vegen kom til å vera stengd «ei stund», og det var omdirigering på staden.

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter at det var ei trafikkulukke som var årsaken til at vegen var stengd.

Politiet opplyste like før kl 21 at totalt tre personar var involverte ulukka. Luftambulansen har vore på staden, og to av personane er frakta til Haukeland Universitetssjukehus med skadar i bein.

Den eine personen, som var passasjer på den eine motorsykkelen, skal vera uskadd.