Vegen har kollapsa på den vesle brua i krysset Berge/Hatvikvegen.
Vegen har kollapsa på den vesle brua i krysset Berge/Hatvikvegen.

Vegen har kollapsa

Os kommune har vore ute og stengd vegen som går frå Berge ut på Hatvikvegen. – Det er ikkje veg der lenger. Han har kollapsa, seier avdelingsleiar samferdsle/VA, Agnete Haugland.

– Det er mange som ringer, fortel Robert Flister, då Os & Fusaposten kontakta vakttelefonen til teknisk drift onsdag morgon.

– Vegen er vaska bort på Berge rett før ein kjem ut på Hatvikvegen - ved den vesle brua. Der har vi stengd av, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg må be deg ringa Agnete Haugland. Eg er ute i felten og jobbar.

Det har tikka inn meldingar på Twitter både frå Os og Fusa om vatn i hus og kjellarar. I skrivande stund har ikkje Haugland den fulle oversikta.

– Det eg veit om no, er veg-kollapsen og at det har vore vatn i nokre kjellarar i Os.

Dei som bur på Berge eller skal til Berge, må køyra om Eidsvegen og Hegglandsdalen for å koma seg frå og til.

Os & Fusaposten har også fått tips om lang kø i retning Bergen. For kort tid sidan skal køen ha starta frå Joker Søfteland i retning Nord.