Glatt: Ulukka skal ha skjedd nær Sævellevegen 760. Det var glatt på staden då det nettopp hadde kome snø.

– Ein tilnærma front-mot-front-kollisjon

– Den eine bilen kom over i motsett køyrebane.

Det opplyser politioverbetjent, Anders Opsal, etter ulukka i Sævellevegen i Samnanger i ettermiddag, nokre kilometer frå grensa til Bjørnafjorden kommune.

Ulukka vart meldt klokka 15.32 tysdag. Det er 80-sone på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein tilnærma front-mot-front-kollisjon. Det var glatt på staden etter litt snøfall, og den eine bilen kom over i motsett køyrebane, fortel politioverbetjenten.

Sævellvegen: Ulukka skjedde nær nummer 760.

Dei to bilførarane vart sett til av helsepersonell.

– Den eine vart dimittert på staden med lettare skader, den andre vart køyrt til Haukeland, opplyser Opsal.

Det var manuell dirigering på staden etter ulukka i påvente av bergingsbil, men trafikken kunne passera.