Veit du kor du finn næraste hjartestartar?
— Det er avgjerande å starta med hjarte-lunge-redning så raskt som mogleg.
— Ved hjartestans er det avgjerande å starta med hjarte-lunge-redning så raskt som mogleg. Men det åleine er som regel ikkje nok til å få hjarta til å slå igjen. For å få tilbake normal hjarterytme trengst ein hjartestarter. Og statistikken viser at jo raskare det skjer, jo større er moglegheita for å få liv i pasienten igjen.
Det skriv Os Røde Kors og Fusa Røde Kors i ei pressemelding.
Kor finn du næraste hjartestartar?
Oversikta over hjartestartarar, finn du i Hjertestarterregisteret – https://hjertestarterregister.113.no/ eller i appen Hjelp 113.
Appen kan du lasta ned gratis på telefonen din.
Men for at denne skal kunna visast på kartet over aktive hjartestartarar, må eigaren ha registrert han og ha oppdatert registreringa kvar 6. månad, opplyser dei lokale Røde Kors-laga.
Det finst både eit offisielt hjartestartarregister og private register. Nokre hjartestartarar i Os og Fusa er registrert i desse.
— Informasjonen her vert ikkje vist i appen Hjelp 113 eller hos AMK-sentralane. Det er difor viktig at du registrerer hjartestartaren din i det offisielle registeret for å sikra at informasjonen kan nyttast i et naudstilfelle, vert det påpeika i pressemeldinga.
Kan gjera det vederlagsfritt
Os og Fusa Røde Kors tilbyr eigarane av hjartestartarar å administrera dei vederlagsfritt dersom eigarane syt for at hjartestartaren er tilgjengeleg heile døgnet, heile året.
Per i dag administrerer Os Røde Kors 16 hjartestartarar for offentlege institusjonar, bedrifter, lag og organisasjonar. Fusa Røde Kors starter sitt tilbod no.
16. oktober er den internasjonale hjarte- og lungeredningsdagen.
Os Røde Kors og Fusa Røde Kors ønskjer å markera denne dagen med å oppfordra alle som eig ein hjartestartar om å sjekka kartet i Hjertestarterregisteret og sjå om dei finn sin hjartestartar.
— Viss ikkje, er det berre å ta kontakt, så skal vi hjelpa, oppmodar lokallaga.