Svært kraftig vind i ytre strøk: Meteorologisk institutt melder om svært kraftige vindkast i ytre strøk av Hordaland, og kraftige vindkast i indre strøk.

– Ventar full storm laurdag kveld og natt til søndag

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om fare for svært kraftige vindkast i Hordaland.

Varselet gjeld frå i kveld, laurdag 29. januar klokka 18.

– Laurdag kveld og natt til søndag er det venta nordvest full storm 25 m/s med lokalt svært kraftige vindkast 35-42 m/s i ytre strøk og lokalt kraftige vindkast 27-35 m/s i indre strøk, går det fram av meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I følgje Meteorologisk institutt vil vinden truleg vere sterkast i tidsrommet 19 til midnatt. Vinden vert deretter rapportert å avta fram mot søndag morgon.